Kva skjer på dagsturhytta

Her ligger aktuelle saker angående dagsturhyttene.

Kom Deg Ut-dagen ved Rambua

Sotra Øygarden Turlag samarbeider med Flåten og Knarvik vel på Kom Deg Ut-dagen 2. september. Ta med familien på tur til dagsturhytta Rambua ute i havgappet. Me har desse aktivitetane:

  • Turquiz med premietrekning (NB: trekning kl. 13:00)
  • Lett servering. Ta med eigen drikke.
  • Kastespel med premier
  • Ansiktsmaling

Turbo kjem også!
Dato: 2. september
Klokka: 11:00-14:00 (med værforbehold)
Parkering: Blomvåg Kyrkje

LES MEIR OM ARRANGEMENTET HER

Skogsopplevingar av teater vestland

EI TEATEROPPLEVING PÅ ØYRET

Du er hermed invitert til ei annleis teateroppleving

– ein komposisjon med naturen som scenografi.

«Eg går ut i skogane fordi eg ønsker å leve eit bevisst liv, for å bli konfrontert med dei essensielle kjensgjerningane i livet og sjå om eg ikkje kan lære kva det har å lære meg, så eg ikkje ved slutten av livet skal oppdage at eg eigentleg ikkje har levd.»

Henry David Thoreau

Grøne tilfluktsstader er kanskje viktigare i dag enn nokon gong, ein pause frå dei stressande, innsesittande liva våre. Skogen kallar på oss, han ventar på at vi skal oppdage han på ny, han minner oss om den tiltrekkande, mystiske og altoppslukande krafta i naturen. Men har naturen blitt noko framand for oss? Presser vi heile jordas historie inn i eitt år, har det moderne mennesket eksistert i 37 minutt og brukt opp ein tredel av jordas naturressursar på berre 0,2 sekund. Korleis finn vi tilbake til kontakten med naturen? Og kva for svar om oss sjølve og liva våre kan vi finne her?

Skog er lyd. Ein akkord av liv og død, ein tone som har sunge gjennom verdas skogar gjennom 300 millionar år. Regissør Elisabet Topp og komponist Eirik Havnes har saman skapt ein komposisjon du kan laste ned og ta med deg ut på tur. Du kan høyre på den på favorittplassen din i skogen, men du treng ikkje å gå lenger enn ut i hagen. Du startar gåande, og så får du beskjed om kva du skal gjere.

Teateropplevingar krev som regel at du må kjøpe billett og møte opp på ein bestemt stad til eit gitt klokkeslett. Med Skogsopplevingar tilbyr Teater Vestland ei gratis oppleving du kan laste ned og ta med ut på tur når det passer for deg, og som du kan lytte til igjen og igjen. Det er ei oppleving du har åleine her og no, men det er sjølvsagt ingenting i vegen for å gå saman med vener eller familie – og så kan de snakke om opplevinga etterpå. Opplevinga er skapt for vaksne.

Du kan laste ned lydopplevinga eller strøyme den direkte, og du speler den av med mobilen din og høyrer på den med høyretelefonar eller øyrepluggar. Du finn Skogsopplevingar der du til vanleg strøymer podkast, eller på heimesida vår teatervestland.no.

Gjennom denne lydopplevinga inviterer vi til å sjå verda kring deg med nye auge.

God tur!

Kor høyrer ein podcast? www.teatervestland.no/aktueltsaker/podcastguide

Kom deg ut – dag på Vardetangen i Austrheim

Austrheim inviterer til kom deg ut – dag på Vardetangen søndag 5. februar 2023 klokka 12:00-14:30

Kom deg ut dagen 5 februar

Oppmøte med parkeringsplassen for dagsturhytta klokka 12. Det blir grilling, turquiz og premiering til dei minste. Det er gratis å vere med!

Vil du annonsere noko som skjer på din dagsturhytte?

Kontakt oss for å få publisert din annonse.

Sjå saker om min dagsturhytte

Om du ønsker å sjå saker relatert til den dagsturhytta du er på eller vil besøke, så kan du finne den i lista under. Merk at ikkje alle dagsturhytter er på denne listen. Dei som ikkje er her har sine eigne nettverk for å dele nyheter og aktuelle saker.