Monsterbesøk på dagsturhytta i Blomvågen

Bli med på familieframsyning på Rambua, dagsturhytta i Blomvågen

Storemonster og Veslemonster er bestevener. Dei har det alltid kjekt i lag. Men ein dag, då Storemonster vil leike, kan ikkje Veslemonster, for Raggmonster er på besøk. Det er ikkje noko moro å leike aleine. Skal tru om dei kan leike saman, alle tre?

I denne vesle figurteaterframsyninga om kor vanskeleg det er å vere tre, møter vi Lys levende Adele i alle rollane. Den varar i om lag 30 minutt, og passar for heile familien, frå 3 år og oppover.

Arrangementet er i samarbeid med Øygarden Turlag. Du finn informasjon om turen ut til dagsturhytta på ut.no her: https://ut.no/turforslag/1112156499/rambua-dagsturhytte. Parkering ved Blomvåg kyrkje.

Påmelding på www.hoopla.no. Søk opp Øygarden.

OBS! Framsyninga startar ved dagsturhytta kl 12.

Les meir om framsyninga på Øygarden Biblotek sin nettside: Monsterbesøk på dagsturhytta i Blomvågen | Øygarden innbyggartorg og bibliotek (oybib.no)

Les meir om framsyninga på Facebook: (20+) Monsterbesøk på dagsturhytta i Blomvågen | Facebook

Opning av Dagsturhytta Veten i Øygarden 3. september

Velkommen til offisiell opning av dagsturhytta Vetebu i Øygarden kommune på toppen av Veten i gamle Sund den 3. september.

Programmet satt opp for dagen ser slik ut:

Kl 12.00 møte på parkeringsplassen ved Stranda skule – felles tur opp til Veten. Det er og mogleg å gå opp frå Førde eller Kleppe for dei som ønskjer

Kl 13.00 offisiell opning ved dagsturhytta

  • Ordførar Tom Georg Indrevik helser velkomen
  • Musikalsk innslag
  • Vestland fylkeskommune om dagsturhyttene (ca 5-10 min)
  • Laila Klementsaune (tidl kultursjef i Sund) forteljar litt om Veten
  • Ordførar opnar hytta – snorklipping og kåring av vinnar av namnekonkurranse

Til slutt, ta turen ned igjen til Stranda skule.

Vel møtt!

Opning av Dagsturhytta på Voss, Klepp

Velkommen til offisiell opning av Dagsturhytta på Klepp søndag 10. september kl. 14.00. Du kan gå til hytta frå parkeringa på Heggjavad, stien frå Mølstertunet eller merka løype og fylgja Voss Resort sin natursti frå Hangurstoppen. Alle aktivitetar er gratis!

Klikk her for å lese meir om opninga av Dagsturhytta på Voss herad sin heimeside

Kom Deg Ut-dagen ved Rambua

Sotra Øygarden Turlag samarbeider med Flåten og Knarvik vel på Kom Deg Ut-dagen 2. september. Ta med familien på tur til dagsturhytta Rambua ute i havgappet. Me har desse aktivitetane:

  • Turquiz med premietrekning (NB: trekning kl. 13:00)
  • Lett servering. Ta med eigen drikke.
  • Kastespel med premier
  • Ansiktsmaling

Turbo kjem også!
Dato: 2. september
Klokka: 11:00-14:00 (med værforbehold)
Parkering: Blomvåg Kyrkje

LES MEIR OM ARRANGEMENTET HER

Skogsopplevingar av teater vestland

EI TEATEROPPLEVING PÅ ØYRET

Du er hermed invitert til ei annleis teateroppleving

– ein komposisjon med naturen som scenografi.

 

«Eg går ut i skogane fordi eg ønsker å leve eit bevisst liv, for å bli konfrontert med dei essensielle kjensgjerningane i livet og sjå om eg ikkje kan lære kva det har å lære meg, så eg ikkje ved slutten av livet skal oppdage at eg eigentleg ikkje har levd.»

Henry David Thoreau

 

Grøne tilfluktsstader er kanskje viktigare i dag enn nokon gong, ein pause frå dei stressande, innsesittande liva våre. Skogen kallar på oss, han ventar på at vi skal oppdage han på ny, han minner oss om den tiltrekkande, mystiske og altoppslukande krafta i naturen. Men har naturen blitt noko framand for oss? Presser vi heile jordas historie inn i eitt år, har det moderne mennesket eksistert i 37 minutt og brukt opp ein tredel av jordas naturressursar på berre 0,2 sekund. Korleis finn vi tilbake til kontakten med naturen? Og kva for svar om oss sjølve og liva våre kan vi finne her?

Skog er lyd. Ein akkord av liv og død, ein tone som har sunge gjennom verdas skogar gjennom 300 millionar år. Regissør Elisabet Topp og komponist Eirik Havnes har saman skapt ein komposisjon du kan laste ned og ta med deg ut på tur. Du kan høyre på den på favorittplassen din i skogen, men du treng ikkje å gå lenger enn ut i hagen. Du startar gåande, og så får du beskjed om kva du skal gjere.

Teateropplevingar krev som regel at du må kjøpe billett og møte opp på ein bestemt stad til eit gitt klokkeslett. Med Skogsopplevingar tilbyr Teater Vestland ei gratis oppleving du kan laste ned og ta med ut på tur når det passer for deg, og som du kan lytte til igjen og igjen. Det er ei oppleving du har åleine her og no, men det er sjølvsagt ingenting i vegen for å gå saman med vener eller familie – og så kan de snakke om opplevinga etterpå. Opplevinga er skapt for vaksne.

Du kan laste ned lydopplevinga eller strøyme den direkte, og du speler den av med mobilen din og høyrer på den med høyretelefonar eller øyrepluggar. Du finn Skogsopplevingar der du til vanleg strøymer podkast, eller på heimesida vår teatervestland.no.

Gjennom denne lydopplevinga inviterer vi til å sjå verda kring deg med nye auge.

God tur!

 

Kor høyrer ein podcast? www.teatervestland.no/aktueltsaker/podcastguide

Kom deg ut – dag på Vardetangen i Austrheim

Austrheim inviterer til kom deg ut – dag på Vardetangen søndag 5. februar 2023 klokka 12:00-14:30

Kom deg ut dagen 5 februar

Oppmøte med parkeringsplassen for dagsturhytta klokka 12. Det blir grilling, turquiz og premiering til dei minste. Det er gratis å vere med!

Opning av dagsturhytta i Blomvåg

Øygarden kommune inviterer til offisiell opning av den nye dagsturhytta i Blomvåg. Hendinga starter Laurdag 14. januar klokken 12:00.

Invitasjon til opning av dagsturhytta på Blomvåg i Øygarden

Les meir om hendinga her:
https://www.oygarden.kommune.no/aktuelt/opning-av-dagsturhytta-i-blomvag.59542.aspx

Dagsturhytta Eidfjord

Dagsturhytta Eidfjord kommune

Eidfjord si dagsturhytta er no tett men ikkje klar til bruk enno. Me skal arbeida litt både inne og ute før offisiell opning. Rundt årskiftet er det frist til å koma med innspel til navn og å søkja om å få drifta hytta. Informasjon om dette finn du i siste utgåva av EidfjordNytt og på kommunen si heimeside: Dagsturhytta – Eidfjord kommune

 

Me planlegg opning onsdag 3. mai 2023. Barnehage og skule vert invtert til opninga saman med alle andre som ynskjer å delta! Meir informasjon kjem når det nermer seg.

 

Med venleg helsing
Eidfjord kommune

Dagsturhytta i Sogn og Fjordane

Dagsturhytta er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Sparebanken Sogn og Fjordane. Dagsturhyttene er gitt som gåve frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som forvaltar overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

Dagsturhyttene i Sogn og Fjordane

Kvar kommune i Sogn og Fjordane får si eiga dagsturhytte, med nynorske turbibliotek, på eit turmål i kommunen.